Bakgrunn
Mange kulturverksemder i grenseregionen arbeider profesjonelt, men har utfordringar med å skape langsiktig berekraft i verksemdene sine. Dei står ofte åleine, utan faglege sparringspartnarar, nettverk eller tydelege vegar til rådgiving og støtte. Utfordringane handlar om alt frå prissetjing og forretningsdrift til å finne samarbeidspartnarar og nå nye marknader. I tillegg hamnar dei mellom ulike politikkområde – kultur, næringsliv og regional utvikling – noko som gjer at dei ofte fell mellom stolane når støtteordningar og strukturar blir utforma. Prosjektet vil bidra til å betre dette. Målet er å styrke berekraftige kulturnæringar i grenseregionen gjennom betre samarbeid og støtteordningar.
Mål og delmål
Prosjektet skal styrke kulturnæringane i Trøndelag og Jämtlands län gjennom profesjonalisering, berekraftige forretningsmodellar og nye nettverk. Dette skal bidra til å utvikle berekraftige kulturnæringar i grenseregionen med betre lønsemd og synlegheit.
Det skal utviklast kurs, rådgiving, kulturprodukt og samarbeid som gjer bransjen meir lønnsam og synleg. Prosjektet skal òg betre tilgangen for andre bransjar og synleggjere kulturnæringa si rolle i innovasjon, økonomi, sosial deltaking og miljømessig berekraft.
Tiltak som sikrer måloppnåelsen
•Produktutviklingsresidens – kunstnarar frå kvar side av grensa, møter ei vertsbedrift for saman å skape noko som gir verdi for bedriftene og lokalmiljøet.
• Forretnings- og bedriftsutvikling – gjennom kurs, individuell rettleiing, mentorordningar og matching mot relevante ressursar.
• Nettverkstreff som styrker kontaktar og kunnskapsutveksling mellom kulturaktørar • Studieturar – for inspirasjon, skape kontaktar og lære av kollegaer på den andre sida av grensa.
•Nanostøtte – ei støtteordning for kulturverksemder som sjølve vil ta initiativ til samarbeid, møte eller nettverk over grensa
Forventede resultater og effekter
Når prosjektet blir avslutta, ønskjer vi at kulturverksemder i Jämtland, Härjedalen og Trøndelag skal ha fått sterkare føresetnader for å utvikle verksemdene sine på lang sikt. Vi ønskjer at dei samarbeida, nettverka og arbeidsmåtar som har vakse fram gjennom Samspel63, skal halde fram med å leve vidare og bidra til at kulturelle og kreative næringar blir ein tydelegare del av den regionale utviklinga.
Prosjektresultater
Endelige resultater vil bli ført inn her når prosjektet er ferdigstilt.
I løpet av prosjektperioden har vi sett i verk ei rekke tiltak for kulturgründarar i regionen. Kurs, residensar, nettverksmøte og andre aktivitetar er utvikla og gjennomførte gjennom samarbeid mellom kulturgründarar, arenaer, konsulentar og andre aktørar i regionen.
Prosjektet har mellom anna resultert i:
• Produktutviklingsresidensar i Sverige og Noreg
• Individuell forretningsstøtte, kurs og malar
• Nettverk, studieturar, møte og samarbeid
• Bidrag til ei regional undersøking om langsiktig støtte til KKB i Jämtland Härjedalen-regionen
• Lansering av kulturnæringskonferansen KREANOR
Norsk prosjekteier
Stiftinga Hilmar Alexandersen
Kontakt
-
Bjerkem, Johan Einar
92840553
Prosjektperiode
01.04.2023 - 31.03.2026Budsjett
Norsk bidrag: 4300000 NOK
Total: 1 148771 €
Tema
Prosjektnettside
https://www.samspel63.noAndre partnere
Tindved Kulturhage AS
Visit Innherred AS
