
Møre og Romsdal satsar på å bli ein attraktiv destinasjon for digitale nomadar. Interreg Europe-prosjektet EDIN utviklar strategiar for å tiltrekke fleire fjernarbeidarar til regionen. Gjennom fleksible bu- og arbeidsløysingar, kompetansedeling og heilårsturisme vil prosjektet styrke lokalsamfunn, næringsliv og reiseliv. Målet er å auke talet på digitale nomadar med 30 prosent innan 2028.
Vil skape liv i lokalsamfunna og styrke reiselivet
Digitale nomadar kombinerer arbeid og ferie. Dei lever av teknologi og treng berre ein stabil internettforbindelse for å jobbe. Likevel manglar Noreg og Møre og Romsdal fylkeskommune eigne insentiv for å tiltrekke seg denne veksande arbeidsforma. EDIN-prosjektet jobbar for å endre dette.

Vi ser eit stort potensial i å tiltrekke digitale nomadar. Dei kan skape liv i lokalsamfunna, styrke reiselivet utanfor høgsesongen og tilføre viktig teknologikompetanse til næringslivet, seier prosjektleiar for EDIN i Noreg, Lillian Sæther ved Møre og Romsdal fylkeskommune.
Se NRK-intervju med Lillian Sæther, prosjektleiar for EDIN: Nrk. Distriktsnyheiter 4. mars 2025. Publisert av Nrk 4. mars 2024.
Strategiar for arbeidskraft, turisme og lokalsamfunn
For å lokke fleire digitale nomadar satsar prosjektet på:
- Fleksible bu- og arbeidsløysingar
- Kompetansedeling mellom nomadar og lokalt næringsliv
- Målretta marknadsføring av regionen som ein ideell destinasjon for digitale nomadar
Ei kartlegging av utfordringar og moglegheiter er fullført, og rapporten blir ein del av eit europeisk kunnskapsgrunnlag for framtidig politikk.

Les òg: Møre og Romsdal fylkeskommune. Fransk nomade i Ålesund: Utruleg glad for at eg busette meg her. Publisert 5. februar 2024.
Du vil kanskje òg like denne artikkelen: Bjørneset. Denne familien får bu gratis i Geiranger. Publisert av Nrk 4. mars 2024.
Frå kartlegging til handling
Neste steg blir å utvikle og teste konkrete tiltak. Reiselivsaktørar, destinasjonsselskap, kommunar og innovasjonsmiljø samarbeider om dette. Fleire pilotprosjekt skal teste kva tiltak som fungerer best.
Målet er å tiltrekke minst 30 prosent fleire digitale nomadar innan 2028. Samstundes skal lokalbefolkninga og politikarane få større innsikt i korleis desse fjernarbeidarane kan bidra til regionen.
For å få oversikt over kor mange digitale nomadar som allereie finst i fylket, vil prosjektet gjennomføre ei undersøking. Denne vil kartlegge talet på nomadar, kvar dei kjem frå, kva bransjar dei jobbar i, og korleis dei bur medan dei oppheld seg her. Undersøkinga vil også avdekke kva behov og ønskje dei har når dei vel reisemål eller midlertidig bustad.
Digitale nomadar er ikkje berre turistar, dei er ein ressurs. Vi vil leggje til rette for at dei kan bidra til samfunn og næringsliv medan dei er her, seier Sæther.

Samarbeid med Arctic Digital Nomads
EDIN-prosjektet utviklar seg parallelt med NORA-prosjektet Arctic Digital Nomads. Geiranger verdsarvsenter, Vestfjord på Island og Færøyane har lyst ut stipend for å tiltrekke nomadar i 2025. Dei to prosjekta samarbeider tett, og Geiranger verdsarvsenter deltek i det lokale partnarskapet i EDIN. I fjor haust arrangerte dei felles prosjektmøte i Geiranger.
Arctic Digital Nomads fungerer som ein pilot der EDIN utviklar heilskapleg politikk for ein større regional og europeisk samanheng. Erfaringane frå verdsarvsenteret blir derfor verdifulle for å skape berekraftige løysingar for digitale nomadar i Møre og Romsdal.
EDIN-prosjektet inngår i Interreg Europe og blir samfinansiert av EU. Møre og Romsdal fylkeskommune deltek som prosjektpartnar saman med andre rurale regionar i Europa.
Fleire artiklar om digitale nomadar:
- Bjørnseet; Landsverk. Søker etter folk som vil bu gratis her. Publisert av Nrk 29. oktober 2024
- Nikel. How Digital Nomads Can Experience the Nordic Winter for Free. Publisert av Forbes 1. november 2024.
- Møre og Romsdal fylkeskommune. Fransk nomade i Ålesund: Utruleg glad for at eg busette meg her. Publisert 5. februar 2024.
Partnarar i EDIN
Interreg Europe-prosjektet EDIN har partnarar frå regionar i landa Bulgaria, Finland, Litauen, Italia, Spania og Irland i tillegg til Noreg. Det er Spania som leier prosjektet.
- Møre og Romsdal fylkeskommune (NO)
- Atlantic Axis of Peninsular Northwest (ES)
- Union of Bulgarian Black Sea Local Authorities (BG),
- Agency for the development of the Empolese Valdelsa (IT),
- Donegal County Council (IE),
- Regional Government of Tuscany (IT),
- ELY Centre Kainuu (Centre for Economic Development, Transport and the Environment) (FI)
- Lazdijai district municipality administration (LT)
Kontakt
Lillian Sæther
Møre og Romsdal fylkeskommune
+47 952 80 603
Rådgivar – reiseliv Kompetanse- og næringsavdelinga og norsk prosjektleder for EDIN
Jon Halvard Eide
Agder fylkeskommune
+47 91 69 75 22
Nasjonalt kontaktpunkt for Interreg Europe