Vinje kommune offisiell partnar under EU-arrangementet EURegions Week 2022

Vinje kommune tar del i det europeiske Interreg-prosjektet COM3, som tar sikte på å styrke lokale myndigheiter i rolla som støttespelar for lokalt næringsliv. Prosjektet er i ferd med å utvikle ein nettportal (www.ruraldigital.eu) som skal inspirere og hjelpe myndigheiter i utkantstrok til å støtte digitalisering i næringslivet.

Portalen vil bli presentert under det store arrangementet European Week of Regions and Cities 2022. Arrangementet samlar politikarar, forvaltarar, ekspertar og forskarar frå heile Europa. Målet er å inspirere til lokal utvikling basert på erfaringar frå ulike prosjekt. Vinje er offisiell partnar for ein digital programpost den 13. oktober frå 12.30 til 12.45. Om du er nysgjerrig på nettportalen som Vinje er med på å utvikle, meld deg på her.

Du kan lese mer om arrangementet her.

Kontakt

Kate Clarke

Vestland fylkeskommune

+47 93 46 76 45

kate.clarke@vlfk.no

Nasjonalt kontaktpunkt
Interreg Nordsjøprogrammet

Kyrre Einar Hegg

Vinje kommune

+47 90 96 29 58

kyrre.einar.hegg@vinje.kommune.no

Prosjektleder for COM3
Interreg Nordsjøprogrammet