Første runde rundt Nordsjøen

Nordsjøen har gjennom alle tider vore arena for utveksling og samarbeid mellom dei omkringliggande landa. I dag gjer store naturressursar og rollen som sentral ferdsleåre havområdet til eit økonomisk maktsentrum i Europa. No inviterer Interreg VB Nordsjøprogrammet prosjektutviklarar frå heile regionen til å senda inn søknader til den første utlysninga i den nye programperioden (2014 – 2020).

Fristen for å senda inn søknader er sett til 30. juni.

Nordsjøprogrammet er eitt av fleire programområde som har innført ein to-trinns modell for utveljingsprosessen. I den første trinnet skal søkarane senda inn ei kortfatta prosjektskisse («concept note») som skildrar hovedtrekka i prosjektideen. Utvalde prosjekt vil seinare få invitasjon til å senda inn ein fullstendig søknad. I denne første utlysingsrunden er det likevel mogleg å senda inn ein fullstendig søknad fra dag éin.

Nyttige rettleiingar finn du til høgre for denne artikkelen.

LES MEIR: B-lansering på Lillestrøm

I perioden fram mot 2020 retter Nordsjøprogrammet innsatsen mot fire område:

• Vekst
• Grøn innovasjon
• Miljø
• Berekraftig transport og mobilitet

Om Nordsjøprogrammet

Nordsjøprogrammet er eit transnasjonalt program under EUs mål for territorielt samarbeid, finansiert av det europeiske regionalutviklingsfondet og den norske regjeringa. Programmet omfattar spesifikke regionar i seks EU-land (Storbritannia, Sverige, Danmark, Nederland, Belgia og Tyskland), og dessutan heile Noreg.

Fram mot 2020 skal programmet bidra til smart, inkluderande og berekraftig vekst gjennom tilskot til samarbeidsprosjekt rundt Nordsjøen.

Meir informasjon finn du på Nordsjøprogrammets nye nettstad, som vart lansert i samband med utlysinga.