Máhtut: kunnskap om sjøsamiske matsystem som peikar mot ei berekraftig framtid

Kan kunnskap om sjøsamiske matsystem vere ei drivkraft i den grøne omstillinga? Gjennom Interreg Aurora-prosjektet Máhtut har ungdom, lærarar og kulturaktørar løfta fram sjøsamiske matpraksisar som levande kunnskap for framtida. Resultatet er ein dokumentarfilm og eit fleirfagleg læringshefte som no vert lanserte.

Tradisjonell kunnskap i ei ny tid

I ei tid der samfunn over heile verda søkjer berekraftige løysingar, vender Máhtut blikket mot kunnskap om lokale matpraksisar som har eksistert lenge. Prosjektet tek utgangspunkt i at samiske samfunn gjennom generasjonar har levd i tett samspel med naturen – med gjenbruk, tilpassing og respekt for ressursane som grunnleggjande verdiar.

Máhtut er finansiert av Interreg Aurora og Noregs arktiske universitetsmuseum er norsk delprosjekteigar. Hovudpartnar for prosjektet er Universitetet i Lappland. Prosjektet er gjennomført i nært samarbeid med Davvi álbmogiid guovddáš / Senter for nordlige folk i Olmaivággi/Manndalen. Senteret har hatt ei sentral rolle i gjennomføringa og har koordinert samarbeidet med lærarar og elevar ved Olmaivákki skuvla/Manndalen skule.

Prosjektet er forankra i kultursektoren og byggjer bru mellom arkiv, læringsinstitusjon og lokalsamfunn.

Svein Leiros lærer elevar å partere og salte lammekjøtt - sjøsamisk kunnskap
Fyrste bargobádji på Davvi álbmogiid guovddáš / Senter for nordlige folk. Under rettleiing av Svein Leiros og Ann-Kristin Hansen lærer elevar ved Olmaivákki skuvla/Manndalen skule å partere og salte lammekjøtt. Foto: Trude Fonneland

Ungdom lærer gjennom praksis

Kjernen i arbeidet har vore fire bárgobadji – samskapande praksisar – der elevar på ungdomsskuletrinnet har arbeidd med sjøsamiske mattradisjonar. Med rettleiing frå lærarar, lokale bønder og fiskarar har dei utforska den tradisjonelle retten guopparmális/rognbollesuppe og samanhengen mellom natur, ressursbruk og kultur.

Samtidig har prosjektet teke utgangspunkt i arkivmateriale frå Noregs arktiske universitetsmuseum. Kunnskap om sjøsamiske matsystem er henta fram, tolka og formidla vidare til nye generasjonar.

Resultatet er ikkje berre læring om fortida – men innsikt i korleis tradisjonelle praksisar kan inspirere framtida berekraftige val i notid og framtid.

Ein film som levandegjer kunnskapen

Eit av dei mest synlege resultata frå Máhtut er ein dokumentarfilm som fylgjer ungdomane i arbeidet med guopparmális – frå råvarer til ferdig rett og som viser korleis kunnskapsoverføring kan skje i praksis.

🎬 Sjå filmen her:

Filmen viser korleis kunnskap vert skapt i møte mellom generasjonar, og korleis tradisjonelle matpraksisar framleis har relevans i dag. Han er utvikla som ein open og gratis ressurs, tilgjengeleg for skular, organisasjonar og alle som ynskjer meir kunnskap om sjøsamiske matsystem.

Læringshefte som ressurs for framtida

Prosjektet har, i samarbeid med lærar Edel Monsen og elevar ved Olmaivákki skuvla, òg utvikla eit fleirfagleg læringshefte som kan brukast i undervisning og formidling. Heftet koplar kulturhistorie, naturkunnskap og berekraft, og gjev konkrete døme på korleis sjøsamiske matpraksisar kan integrerast i undervising.

Filmen og læringsheftet vert publiserte som gratisressursar på nettsidene til prosjektet og Davvi álbmogiid guovddáš.

Levande arkiv og varige spor

Máhtut har vist korleis kunnskap om sjøsamiske matsystem kan fungere som eit levande arkiv – ikkje berre som dokumentasjon, men som inspirasjon og drivkraft. Prosjektet har styrkt samarbeidet mellom kultursenter, skule og lokalsamfunn, og skapt metodar for kunnskapsoverføring.

Samtidig har prosjektet løfta fram rolla sjøsamiske matpraksisar kan spele i ei tid prega av klimaendringar og mindre lokal sjølvforsyning. Tradisjonelle verdiar som nøktern ressursbruk, respekt for naturen og lokal tilpassing får ny aktualitet gjennom prosjektet.

– Når ungdom får utforske lokale tradisjonar og oppleve at dei har verdi i møte med utfordringar i dag, vert kulturarven ei kraft for framtida, seier Trude Fonneland, professor ved Noregs arktiske universitetsmuseum og norsk prosjektleiar for Máhtut.

Om Máhtut

Máhtut er finansiert av Interreg Aurora og gjennomført i samarbeid mellom internasjonale partnarar. Leiar for prosjektet er Universitetet i Lappland. Noregs arktiske universitetsmuseum samarbeidar i sitt delprosjekt om sjøsamiske matsystem med Davvi álbmogiid guovddáš / Senter for nordlige folk i Olmaivággi/Manndalen. Prosjektet har involvert lærarar og elevar ved Olmaivákki skuvla skuleåret 2024/2025.

Partnarar i prosjektet er:

Kontaktar

Trude Fonneland

Noregs arktiske universitetsmuseum

+47 77646630

trude.fonneland@uit.no

professor og norsk prosjektleiar for Máhtut

Anders Linga

Sametinget

+47 41 63 32 15

anders.linga@samediggi.no

Kontaktperson for søknadar og prosjekt i delområdet Sápmi, Interreg Aurora