Peer Review – nyttig europeisk ekspertise

Forfattar: Anne Stine Hovland

Då Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommune vart slegen saman til nye Vestland fylkeskommune, skulle to ulike strategi- og planleggingstradisjonar samlast. Dette gav den nye fylkeskommunen moglegheit til å starte med blanke ark og tenke nytt. Utgangspunktet var at ein ny strategi skulle vera basert på smart spesialisering og ha fokus på det grøne skiftet. For å komme i gang med dette arbeidet søkte ein om å gjennomføre ein Peer review-prosess (fagfellevurdering) gjennom Interreg Europe – Policy Learning Platform.

Fagfellevurdering i Vestland fylkeskommune

Ein slik Peer review-prosess, eller fagfellevurdering, vert gjennomført som målretta arbeidsmøte der verten, som har bedt om møtet, treff utvalde europeiske kollegaer for å utveksle kunnskap og praktisk erfaring om utfordringar knytt til politikkutforming. Kvar vurdering er skreddarsydd for spesifikke utfordringar i vertsregionen, og fagfellar frå heile Europa deler erfaring og kunnskap, gjev råd og praktiske anbefalingar om korleis ein kan utforme og implementere regional politikk på ein betre måte.

Prosessen starta opp i september 2020, med eit møte over to dagar. Dette måtte gjennomførast digitalt som følgje av Covid-pandemien. Fagfellane var frå Hellas, Frankrike, Sverige, Nederland og Italia.

Policy Learning Platform er det andre fokusområdet i Interreg Europe-programmet, i tillegg til prosjektutvikling. Målet er å auke kompetanse om regional politikkutforming, gjennom til dømes deling av god praksis.

Plattforma skal vera ein arena der ein kan nytte kunnskapen til ekspertar og fagfelle frå andre europeiske land. Det vert tilbydd  informasjon om ei rekke emne, digitale og fysiske samlingar, og direkte kommunikasjon med eit team av ekspertar.

Opplegget vert skreddarsydd for medlemmar som ønskjer ei fagfellevurdering, og er ei gratis teneste.  

Gode nok til å klare det

Det vart gitt nyttige og konkrete råd til korleis Vestland fylkeskommune skulle gå vidare i ein smart spesialiserings-prosess og korleis gjennomføre ein “entreprenøriell undersøkingsprosess” (Entrepreneurial Discovery Process). Eit viktig moment som vart framheva var at ein skulle tore å tenke stort, og råda vart summert slik:  

Bring the regional quadruple helix stakeholders together. Set and implement the brand “Vestland inside” and build the image of Vestland AS, the first CO2 neutral region in the world and the place where strategies and nice talks get implemented and benefited from.

You are small enough to do it, good enough to get it done, and big enough to make a difference!

Desse råda tok ein med seg i arbeidet med prosjektet Grøn region Vestland.

Bildekollage av folk som møtes inne og er på befaring i naturen
Foto: Grøn region Vestland

Basert på prinsippet om smart spesialisering, med ei «nedanifrå og opp»-tilnærming, kartla prosjektet 250 grøne innovasjonsprosjekt der ein såg det var potensiale for utsleppskutt, auka eksport og fleire grøne arbeidsplassar. Kartlegginga vart gjennomført i perioden våren 2020 til hausten 2021, og resulterte i utveljing av 16 hubar som skulle få særleg fokus vidare. Desse 16 hubane var fordelt over heile fylket og utgjorde Vestlandsportefølja 2021.

Fagfellane råda også til å sikre brei involvering og forankring, og dette har vore ein viktig faktor i arbeidet. Prosjektet er leia av Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg på vegne av partnarskapen  Næringsforum Vestland. Dette forumet har ei brei samansetning, med samfunnsaktørar frå ulike offentlege instansar, utdanningsinstitusjonar og representantar frå næringsliv og arbeidsliv.

I mai 2022 vart del to av fagfellevurderinga gjennomført, med ei fysisk samling i Bergen, også denne over to dagar. Det vart gode samtalar mellom representantar frå Vestland og fagfellane, godt fasilitert av teamet frå Policy Learning.

Grøn region Vestland er eit samarbeids- og koordineringsprosjekt eigd av Innovasjon Noreg og Vestland fylkeskommune. Næringsforum Vestland er styringsgruppe for prosjektet.

Prosjektet skal støtte, oppmuntre og hjelpe industrien i Vestland fylke til å nå viktige mål for den grøne omstillinga med lågare CO2-utslepp, auka fastlandseksport og fleire grøne jobbar.

Meir informasjon om prosessen i Vestland er tilgjengeleg på heimesidene til Policy Learning  Platform.

Se videoen Per Rewiew – Vestland County

Grøn omstilling i Vestland  – ei spissa satsing

I etterkant av fagfellevurderinga har Vestland fylkeskommune og prosjektet Grøn region Vestland jobba vidare, og lanserte i desember 2023 ei oppdatering av Vestlandsportefølja. Denne oppdateringa, Vestlandsportefølja 2.0,  har resultert i ein tydelegare definisjon av omgrepet hub og ei meir spissa tilnærming for vidare oppfølging. Talet på hubar er utvida til 19, og det er peika på ulike aktørar som må mobiliserast og koordinerast i det vidare arbeidet med å realisere den grøne omstillinga i Vestland.

Sjå ytterlegare informasjon om Grøn region Vestland.

Peer Review-prosessen sette oss på eit spor for langsiktig og strategisk tenking. Dette har vi nå utvikla med Vestlandsportefølja 2.0. Peer Reveiw var en kick-start vi trong for å samle heile fylket, seier Kathrin Jakobsen, seksjonsleiar forsking, kompetanse og internasjonalisering.

Se videoen om Lansering Grøn region Vestland

Kontakt

Kate Clarke

Vestland fylkeskommune

+47 93 46 76 45

kate.clarke@vlfk.no

Seniorrådgiver avdeling for næring, plan og innovasjon, seksjon for forsking, kompetanse og internasjonalisering og nasjonalt kontaktpunkt Interreg Nordsjøprogrammet

Anne Stine Hovland

Vestland fylkeskommune

+47 40 85 92 47

anne.stine.hovland@vlfk.no

Seniorrådgjevar avdeling for næring, plan og innovasjon, seksjon for forsking, kompetanse og internasjonalisering

Jon Halvard Eide

Agder fylkeskommune

+47 91 69 75 22

Jon.Halvard.Eide@agderfk.no

Nasjonalt kontaktpunkt for INTERREG Europe, og kontaktperson for Agder i Interreg Øresund-Kattegat-Skagerrak