Førre veke vart dei første prosjekta i Interreg VB (EU sitt territorielle samarbeid) Nordlig Periferi og Arktis klare. Vestlandsforsking er deltakar i to av dei 13 prosjekta som vart godkjente.
LES MEIR: Dei første prosjekta i NPA er klare
Eit av dei nye prosjekta, Improve, omhandlar innovasjon i offentleg sektor. Ein skal studere dette i seks ulike regionar i Irland, Storbritannia, Island, Sverige, Finland og Norge. Vestlandsforsking skal studere innovasjon i samband med velferdsteknologi og e-helse i Sogn og Fjordane, i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og IT-forum. Forskingsprosjektet gir utveksling av kunnskap over landegrenser, og skal gi nyttig ny kunnskap for å auke innovasjonstakta i offentleg sektor.
I det andre prosjektet, Cool Route, skal moglegheitene for å utvikle ei yacht-rute frå Irland til Norge studerast. Internasjonale partnarar i dette prosjektet er frå Irland, Skottland, England, Færøyene og Noreg.
PS: Ein ny prosjektbank for programma i Interreg V-perioden vil vere på plass i løpet av kort tid.