Tilbake

Nytt economuseum i Hillesvåg

Tredje og fjerde generasjons drivarar av Hillesvåg Ullvarefabrikk: Gunnar og Else Myhr (t.v.), Arild Myhr, Øyvind Myhr (dagens direktør) og Anette Toft. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Hordaland fylkeskommune.

I helga vart eit nytt såkalla economuseum opna på Vestlandet. Hillesvåg Ullvarefabrikk i Lindås utanfor Bergen er det åttande economuseet i Norge og det sjuande i Hordaland.

– Dette er ein stor suksess og noko Hordaland fylkeskommune som initiativtakar kan vere stolt av. Det sa leiar av kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad, under opninga fredag. I tillegg til å vera stortingsrepresentant er han og styreleiar for economuseprosjektet i Europa. Saman med ordførar Astrid Aarhus Byrknes i Lindås klipte han over den spesiallagde ullsnora under opninga.

Formidling og produksjon
Eit economuseum er eit konsept der gamle handverkstradisjonar blir tekne vare på gjennom eit visingssenter med produksjon, utstilling og sal av produkta. I tillegg til produkt for sal, skal eit economuseum drive med formidling, ha utstilling med historiske produkt, ha døme på produkt frå dagens produksjon og ha tilgjengelig arkivmateriale og bøker om faget.

Hordaland fylkeskommune har ansvaret for utbygging av economuse-konseptet i Europa gjennom Interreg-prosjektet Craft International. Utanom Hillesvåg Ullvarefabrikk er dei andre economusea Aurlandsskoen i Aurland, Oselvarverkstaden på Osøyro, Fjordtønna i Tysse, Stine Hoff kunstglas på Hop, Treskjerartunet i Myrkdalen, Tønnegarden i Tysse og Syse gard i Ulvik.

Fjerde generasjon
Hillesvåg Ullvarefabrikk er ein familiebedrift som held til i Osterfjorden utanfor Bergen og som produserer garn til strikking og ull til toving. Bedriften har vore i same familie i over 100 år og drives i dag av 4. generasjon. I dag arbeider det om lag 20 personer i bedrifta, fordelt på produksjon, administrasjon og salg. Garnet og ulla vert produsert under merkenavnet Hifa.

Ordfører Astrid Aarhus Byrknes og stortingsmann Helge Andre Njåstad klipte over den tjukke ullsnora som markerte opninga av Hillesvåg Ullvarefabrikk som economuseum. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Hordaland fylkeskommune.
Ordfører Astrid Aarhus Byrknes og stortingsmann Helge Andre Njåstad klipte over den tjukke ullsnora som markerte opninga av Hillesvåg Ullvarefabrikk som economuseum. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Hordaland fylkeskommune.
Ull er i skuddet. Illustrasjonsbilde frå bedrifta si heimeside.
Ull er i skuddet. Illustrasjonsbilde frå bedrifta si heimeside.
Tilbake