IMPROVE

IMPROVE er eit prosjekt under Northern Periphery and Arctic 2014-2020 der målet er å auke innovasjonsnivået innan teknologidrivne offentlege tenester. I utvalde perifere/rurale regionar i partnarlanda Noreg, Island, Finland, Sverige, Irland og Nord-Irland vert modellar og verktøy for innovasjon utvikla gjennom ein Living Lab-metodologi, der også samarbeid med brukarar i utvikling av offentlege tenester vert vektlagd. Eit «Transnational Living Lab Network» er etablert av partnarane. Nettverket vil vera ein virtuell møtestad der deltakarane kan dele erfaringar og diskutere korleis ein kan bli betre på ein slik samproduksjon med brukarar i utviklinga av teknologibaserte offentlege tenestar.

Vestlandsforsking er norsk partnar i IMPROVE. Saman med kommunar i Sogn og Fjordane har Vestlandsforsking vore involvert i utvikling av teknologibaserte tenester i helsevesenet i ei årrekkje. Gjennom IMPROVE er Vestlandsforsking og kommunar i Sogn og Fjordane engasjert i å utvikle metodar og verktøy for samproduksjon av offentlege tenester knytt til velferdsteknologi.

Norsk prosjekteier

Vestlandsforskning

Prosjektperiode

01.05.2015 - 30.04.2018

Budsjett

Total: 1 431 388 €

Ekstern prosjektinfo

http://improve.interreg-npa.eu/

Andre partnere

Bifröst University (IS)

Derry City Council (UK)

Donegal County Council (IE)

Karelia University of Applied Sciences Ltd. (FI)

Municipality of Borgarbyggð (IS)

Regional Council of North Karelia (FI)

The Association of Local Authorities in Västernorrland (SE)