Tilbake

NPA: Seks prosjekt godkjent

Seks nye prosjekt i Interreg VB Nordleg Periferi og Arktis er klare. Eitt av prosjekta har norsk leadpartner.

Det er klart etter at kontrollkomiteen for VB Nordleg Periferi og Arktis har godkjend seks av fjorten søknader i den andre utlysningsomgangen. Eitt av dei utvalde prosjekta, eCap, har norsk leadpartner, medan ytterlegare fire har norsk prosjektpartner.

Innsatsområde 1: Innovasjon

• eCap (norsk leadpartner: Universitetssykehuset Nord-Norge)
• Making it work (norsk partner: UiT – Norges arktiske universitet)

eCap – eHealth services for Child and Adolescent Psychiatry – tek sikte på å utvikle helsefremjande løysingar innan barne- og ungdomspsykiatrien gjennom å leggje til rette for auka bruk av velferds- og kommunikasjonsteknologi mellom fagfolk og pasientar.

Innsatsområde 2: Entreprenørskap

• Circular Ocean (norsk partner: NTNU)
• GREBE (norsk partner: Forskningsparken i Narvik)

Innsatsområde 3: Fornybar energi og energieffektivitet

• RECENT

Innsatsområde 4: Natur- og kulturarv

• REGINA (norske partnerar: MidtSkanidia, Nordlandsforskning, Bioforsk, Alstahaug kommune, Brønnøy kommune)

Dei seks prosjekta har ei samla budsjettramme på like i underkant av elleve millionar euro. Prosjektstøtte frå EUs fond for regional utvikling og norske Interreg-middel utgjer rundt 6,8 millionar euro.

Den tredje utlysinga av prosjektmiddel opnar 30. september. Frist for å søkje om finansiering er sett til 30. november.

PS: Vil du vite meir? Klikk på lenkja til høgre for denne artikkelen for eit samandrag av målsetjingane i dei ulike prosjekta.

Kontakt

  • Thorgersen, Lena

    Nordland fylkeskommune

    +47 975 49 698

    Send e-post

Tilbake