Tilbake

To Interreg-prosjekt for Vestlandsforskning

I Cool Route-prosjektet skal deltakarane sjå på moglegheitene for å utvikle ei Yacht-rute frå Irland til Noreg.

Vestlandsforsking er deltakar i to av 13 godkjente Interreg-prosjekt.

Førre veke vart dei første prosjekta i Interreg VB (EU sitt territorielle samarbeid) Nordlig Periferi og Arktis klare. Vestlandsforsking er deltakar i to av dei 13 prosjekta som vart godkjente.

LES MEIR: Dei første prosjekta i NPA er klare

Eit av dei nye prosjekta, Improve, omhandlar innovasjon i offentleg sektor. Ein skal studere dette i seks ulike regionar i Irland, Storbritannia, Island, Sverige, Finland og Norge. Vestlandsforsking skal studere innovasjon i samband med velferdsteknologi og e-helse i Sogn og Fjordane, i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og IT-forum. Forskingsprosjektet gir utveksling av kunnskap over landegrenser, og skal gi nyttig ny kunnskap for å auke innovasjonstakta i offentleg sektor.

I det andre prosjektet, Cool Route, skal moglegheitene for å utvikle ei yacht-rute frå Irland til Norge studerast. Internasjonale partnarar i dette prosjektet er frå Irland, Skottland, England, Færøyene og Noreg.

PS: Ein ny prosjektbank for programma i Interreg V-perioden vil vere på plass i løpet av kort tid.

Kontakt

  • Nygaard, Eli

    Kommunal- og moderniseringsdepartementet

    +47 22 24 70 48

    +47 920 81 445

    Send e-post

    Medlem i overvåkningskomiteene for Interreg VA Sverige-Norge, Interreg VA Nord og Interreg VA Botnia-Atlantica

  • Thorgersen, Lena

    Nordland fylkeskommune

    +47 975 49 698

    Send e-post

Tilbake