NPA: 13 prosjekt godkjent

13 av 20 søknader vart godkjende då kontrollkomiteen for VB Nordlig Periferi og Arktis gjennomførde det første møtet sitt 10. februar. To av dei utvalde prosjekta har norsk leadpartner, medan ytterlegare åtte har norsk prosjektpartner:

Innsatsområde 1 – innovasjon:

• Urchin (norsk leadpartner: Nofima)
• Target (norsk partner: Høgskolen i Narvik)
• Cereal (norsk partner: Bioforsk Nord)
• Improve (norsk partner: Vestlandsforskning)
• RemoAge (norsk partner: Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin)
• Spara2020 (norsk partner: Høgskolen i Molde)
• Smart Fish

Innsatsområde 2 – entreprenørskap:

• Craft Reach (norsk leadpartner: Norges Vel)
• SAINTS (norsk partner: Wild Norway)
• Cool Routes (norsk partner: Vestlandsforskning)
• RYE Connect
• Creative Momentum

Innsatsområde 3 – natur- og kulturarv

• Drifting Apart (norsk partner: Magma Geopark)

Den første utlysingsomgangen i det nye NPA-programmet vart kunngjort i september 2014. Fire av dei i alt 20 søknadane som blei levert innan fristen 24. november hadde norsk leadpartner. No er det klart at to av desse får Interreg-middel, i tillegg til åtte andre prosjekt med norsk deltaking. Totalt blei det fordelt 13,4 millionar euro i den første utlysinga, noko som utgjer en knapp fjerdedel av programmets budsjett for perioden 2014 – 2020.

Den andre utlysinga av prosjektmiddel opna 5. januar. Frist for å søkje om finansiering er sett til 10. april, med utveljing 10. juni.

PS: Vil du vite meir? Klikk på lenkja til høgre for denne artikkelen for eit samandrag av målsetjingane i dei ulike prosjekta.